Brukarar av minigjenbruksstasjonen

Minigjenbruksstasjonar er framtida 

I takt med auka fokus på miljø og berekraft, blir gode løysingar for avfallshandtering stadig viktigare, spesielt i byområde der plassen er avgrensa.

Publisert

Midt i det travle bylivet tilbyr Fredensborg gjenvinningsstasjon, som mange andre stasjonar, ein moglegheit for resirkulering, tilpassa bybuarar utan bil. Ein av dei største fordelane er at stasjonen kan opnast døgnet rundt med mobilappen Oslo Nøkkelen.

Jørgen Bakke Fredriksen

Miljøfokus i sentrale strøk

Jørgen Bakke Fredriksen, pressekontakt for gjenvinningsetaten, understrekar kor viktig det er med mindre gjenvinningsstasjonar i tettbygde område.

– Det er viktig for oss å ha gode tjenestetilbud som også er tilpasset de som ikke har bil. Særlig i sentrale strøk av byen er det mange som ikke har tilgang til de store gjenvinningsstasjonene våre. Derfor har vi utviklet disse små stasjonene, som Fredensborg er en del av. Beboerene i disse områdene sitter stor pris på tilbudet.

Stasjonen er ein del av ei større satsing på tilgjengelege miljøtiltak, der også Sagene, Sofienberg og Kampen har liknande tilbod. Desse stasjonane gjer det lettare for folk å sortere avfall på ein miljøvenleg måte utan å måtte reise langt.

Moderne og app-styrt tilgang

Ein innovativ aspekt ved gjenvinningsstasjonane er den delvis sjølvbetente drifta, der brukarar kan låse seg inn med appen Oslo Nøkkelen. Dette gjer at stasjonen er meir praktisk for dei som vil kvitte seg med avfall utanfor ordinære opningstider. Trond Sæbø, ein ny brukar av Fredensborg sin stasjon, fortel:

– Du må ha appen, då er det opent døgnet rundt. Eg synest dette er veldig praktisk, særleg sidan ein også kan bruke Oslo Nøkkelen til andre ting, som bibliotek og andre gjenvinningsstasjonar.

Dette digitale systemet gjer resirkulering meir fleksibelt og tilgjengeleg for innbyggjarane i nærområdet.

Kapasitet og utfordringar

Ifølge Fredriksen har stasjonen god kapasitet, men han skulle gjerne sett at fleire nytta seg av tilbodet.

– Vi ser at nedslagsfeltet til de små stasjonene sjelden blir større enn en kilometer i omkrets. Folk som bor litt lenger unna, kjenner kanskje ikke til stasjonen, eller de synest det er for langt å gå.

Utfordringane for avfallshandtering i Oslo sentrum handlar i stor grad om plassmangel, både til gjenvinningsstasjonane sjølve og til avfallet som blir levert. Fredriksen legg til:

– God avfallshåndtering krever gode areal, og det er kamp om plassen i Oslo. Det er heller ikke alle som ønsker å ha en gjenvinningsstasjon som nabo. Derfor er det viktig for oss at de små stasjonene blir et positivt innslag i nærmiljøet, også visuelt.

Trond Sæbø på gjenvinningsstasjonen

Rein og oversiktleg sortering

Eit av dei viktigaste aspekta ved ein god gjenvinningsstasjon er renslegheit og organisering. Sæbø er godt nøgd med tilhøva på Fredensborg:

– Det er fint her. Ryddig og reint. Det er tydeleg at det er folk innom ofte.

Han meiner òg at stasjonen gjer kildesortering enklare:

– Det er godt skilta, og det er alltid god plass i konteinarane.

Men det er også rom for forbetringar. Sæbø skulle gjerne sett fleire gjenbrukskategorier og meiner at det burde vere lov å hente med seg ting som framleis kan brukast.

– Ein dag var det to søppelbøtter frå IKEA som var heilt dugande. Det kunne vore ein avdeling for småmøblar med meir levetid igjen, slik at folk kunne ha tatt dei med seg.

Framtida for ombrukstilbodet

Tidlegare hadde Fredensborg gjenvinningsstasjon eit ombrukstilbod der folk kunne levere inn og hente brukbare gjenstandar. Dette vart stengt i fjor sommar på grunn av uønska hendingar i sjølvbetent opningstid.

– Noen enkeltpersoner oppførte seg dårlig mot andre besøkende og nærest truet til seg både ombruksvarer og avfall. Vi måtte derfor ligge om tilbudet, og det er ikke lenger lov å ta med seg ombruk hjem

Brukarar av minigjenvinningsstasjonen

Kva kan innbyggjarane gjere?

For at gjenvinningsstasjonane skal fungere best mogleg, meiner Fredriksen at folk må ta ansvar for sitt eige forbruk:

– Kjøper du en ny sofa, så må du faktisk bli kvitt den gamle på en god måte. Enten ved å gi den bort, selge den eller levere den til en gjenvinningsstasjon. Sånn kan vi holde ressursene i omløp i stedet for å bidra til bruk-og-kast-kulturen som dessverre har et godt tak på oss nordmenn.

Han oppmodar også innbyggjarane til å følgje reglane for sortering og ikkje levere meir avfall enn det stasjonen kan ta imot. På den måten kan fleire få nytte av tilbodet, og Oslo kan ta eit viktig steg mot ei meir berekraftig framtid.

Powered by Labrador CMS