Nor Dagligvarer i Oslo sentrum

Korleis kan ein matbutikk vere så billig? 

Korleis kan Nor Dagligvarer ha prisen nede, når store kjeder som KIWI pressar prisane, og fortsatt er dyrare?

Publisert Sist oppdatert

Kagal Rasool, medlem av famlie bedrifta, er fornøgd med prisane på varene i butikken. I motsetning til dei store daglegkjedene kjøper dei inn maten på ein annan måte.

– Vi kjøper direkte fra utlandet. Varene kommer fra land som Spania og Tyrkia 

Butikken blir strøymt av kundar. Både gamle og nye deler gleda av ein litt rimlegare dagligvarebutikk midt i sentrum og Rasool meiner kundene kjem grunna prisen. 

Matpris

Agurk, stk

Nor Dagligvarer: 9.9kr

KIWI: 24.9kr

Avokado nett 

Nor Dagligvarer: 34kr 

KIWI: 44kr 

Banan, kg 

Nor Dagligvarer: 19kr

KIWI: 25.9kr

Mango, stk

Nor Dagligvarer: 19kr

KIWI: 39.9kr 

Potet, kg 

Nor Dagligvarer: 14.9kr

KIWI: 19.9kr

Tomat, kg 

Nor Dagligvarer: 34kr

KIWI: 39.9kr

– Maten er billig, fersk og av god kvalitet

Line Miarilis, fornøyd kunde

Det er likevel ikkje alle som oppsøkjer på grunn av pris. Line Miariis er for første gong innom butikken etter tilråding frå venar om brasilianske varer frå heimlandet. 

– En veninne anbefalte meg plassen, det skal vist være varer her de ikke har på vanlige butikker

For nokon handlar det om spesielle varer, for andre plasering eller pris, for Kisra Botani handlar det om grønsaker.

– Jeg handler 60% på kjedebutikker, og de 40% som jeg handler her er grønnsaker. Det er bare ett par kroner forskjell og jeg mener de store kjedene har bedre kvalitet. De ekslusive varene derimot som aubergine og selleri er mye billigere her. 

Nor Daglivare: Grønnsakshylla ute
Nor Dagligvare: Kjøledisken inne

Ifølge kommunikasjonsteamet i KIWI, er KIWI prispresseren i marknaden. I motsettning til den utenlandske matbutikken som kjøper direkte, handlar KIWI sine varar frå BAMA, og meiner sjølv det er slik dei kan sikre jamn kvalitet i alle KIWI-butikkane i landet.

– Vi kan ikke kjøpe de aller billigste produktene i store kvanter uten å risikere variasjoner i kvalitet, noe vi ikke ønsker for våre kunder

På denne måten lagar dei ein balanse mellom pris og kvalitet. Dei sett ned prisen på nokon produkt der dei “tapar” peng, og sett opp prisen på andre, slik at dei tener dei inn igjen. 

KIWI: fruktpris
KIWI: frukt og grønt

 

Stian Gregersen

Regionsjef for KIWI Oslo Sør, Stian Gregersen, meiner KIWI skal ha dei lavaste prisane på hylla, men ut ifrå dei andre lågpriskjedene. Dei har hatt ei lang rekkje kampanjar med priskutt på frukt og grønt dei siste åra, seinast i haust, i tillegg til å ha 15% rabatt på frukt og grønt til KIWI PLUSS-kundar. 

– Vi er også opptatt av å få inn så mange norske produkter som mogleg. 

“Sunnhet til folket” er slagordet, det skal vere billig å ete sundt. BAMA sørgjer for ei trygg levering av frukt og grønt i høg kvalitet i det volumet dei treng. I motsetning til den utenlandske dagligvarebutikken, har KIWI 15 000 medarbeidere med 710 butikkar over heile landet, noko som stiller større krav til logistikk og kvalitet. 

Powered by Labrador CMS