FAVORITTBUTIKK: Birgitte Louise Wedervang er fast kunde på Iceland og synes det er synd at ikkje fleire har handla der.

Satsar på St. Hanshaugen

Iceland-kjeda har måtte leggje ned fleire butikkar og sit att med ein butikk på St. Hanshaugen. 

Publisert Sist oppdatert

I oktober i fjor skreiv Nettavisen at Iceland-kjeda hadde gått ifrå seks til éin butikk sidan dei etablerte seg i 2018 i Noreg.

BREXIT

Brexit er Storbritannias avgjørelse om å forlate Den europeiske unionen (EU), etter en folkeavstemning i 2016. Det innebærer endringer i handels- og politiske forhold mellom Storbritannia og EU, med konsekvenser for økonomien, migrasjonspolitikk og andre områder.

Denne teksten er skrevet av ChatGPT og gjennomgått av en journalist.

På St. Hanshaugen finn du den siste butikken til Iceland, som no er igjen etter nedlegginga av fleire Iceland-butikkar. No satsar dei for fullt på butikken på St. Hanshaugen.

Vil sjå framover

Therese Ek er salgssjef for Iceland-kjeda, og er med på å styre Iceland-butikken på St. Hanshaugen. Ho forklarer at årsaka til at dei no sit att med éin butikk er samansett.

- Det har jo mykje med brexit å gjere blant anna, det er generelt dyrt å sende varar over til Noreg, oppsumerar Ek.

Salgssjefen er tydleg på at dei no ønskjer å sjå framover, og satsar på at Iceland på St. Hanshaugen blir ein godt likt butikk.

- Eg meiner at Iceland har livets rett i Noreg og at vi treng utfordrarar på marknaden med eit litt anna utval, seier Ek.

- Minna dei litt om den typiske «feriebutikken»

OVERRASKA: Mange som kjem hit blir glad av å sjå igjen produkt dei prøvde i utlandet.

Ek seier at Iceland har eit breiare utval av nokre varar, i forhold til andre konkurrentar i daglegvarebransjen. Hovudkonseptet til butikken er blant anna frosenmat, men salgssjefen seier at dei skil seg ut på fleire område.

Ho trekk blant anna fram at dei har fleire smakar på te og potetgull. Det seier ho dei har fått positiv respons på.

- Mange kundar som kjem hit blir overraska og glad av å sjå igjen ulike smakar på te som dei kjenner igjen frå utlandet, eller som minna dei litt om den typiske «feriebutikken».

Frosne produkt er i tillegg noko som dei satsar mykje på og salgssjefen fortel at dei spesielt satsar med eit stort utval av frosenpizza.

Butikkens ansikt utad

Fleire butikk-kjeder har skaffa seg ein TikTok-konto. Ek seier at Iceland også no er å finne på TikTok. Det håper dei skal gjere at fleire legger merke til butikken.

- Målet med TikTok er at vi også skal få litt yngre publikum, da Iceland i seg sjølv trekk mest dei eldre.

STORT UTVAL: Iceland har eit bredt utval av både norske og engelske produkt.

Ek fortel at der jobbar to jenter på Iceland St. Hanshaugen som synes TikTok er ekstra kjekt, og at ho saman med dei prøvar å få til slik at det er dei same jentene som er på videoane. 

- Om vi har et ansikt utad vil det bli enklare for folk å kjenne igjen, og det er mange som synes TikTok er gøy, men nokre gjer ikkje det, eg liker meg blant anna bak kamera, seier Ek og legg til at dei nyleg fekk over førtitusen visningar på ein video dei la ut.

Plutseleg tomme for øl

Ek meiner det er positivt at Iceland satsar på éin butikk på St. Hanshaugen, og ho seier at dei no gjer alt i si makt for å få butikken opp og fram.

Ek seier dei lyttar til lokalbefolkninga sine ønsker.

- Søndagsopent er etterspurt i område og vi har dobbelbemanning siste dagen i veka, seier Ek.

Salgssjefen fortel at dei har gode forutsetningar for å lykkast på St. Hanshaugen. Ho seier at det er positivt at butikken har god størrelse, er i nærleiken av sentrum og parken på St. Hanshaugen.

- Det kommer spesielt turistar opp hit på sommaren. Eg huskar vi selde oss tom for øl ein eller anna sommardag i fjor, utan at vi hadde forutsett det, så det er en del turistar her, avsluttar Ek. 

VEKESHANDLAR: Birgitte Louise Wedervang brukar meir enn gjerne butikken til vekeshandling.

Slepp å reise over grensa

Birgitte Louise Wedervang er ein fornøgd kunde og likar vegetartilbodet til butikken ekstra godt. 

- Dei har eit bredt utval av mykje god is i ulike smakar, og i tillegg tilbyr dei vegetarmat som eg må til Sverige for å få tak i, seier Wedervang og legger til at ho sjølv synes butikken er litt dyr, men at det er billigare å handle der enn å reise over grensa. 

Wedervang synes det er synd at butikk-kjeda har måtte leggje ned butikkar og at ikkje fleire folk handlar på Iceland. 

- Sett bort ifrå når eg skal ha mjølk og rømme, så handlar eg heller her enn på andre butikkar, avsluttar Wedervang. 

Powered by Labrador CMS